Leigeprisar – Berekning

Leigetida løper frå og med den dag at utstyret hentast/bringast frå vårt lager og til og med den dagen utstyret leverast attende. Leiga vert berekna pr.dag  utstyret er utleigd og maskinene skal vere tilbake seinast 0730 morgonen etter siste leige dag.

Ved leige over lengre tid (over ei veke) – be om pris på førehand. Ved større etablerte leigeforhold ynskjer vi å avtale prisar, rabattar og betalingsbetingelsar på førehand.

Leietakaren sitt ansvar

Leietakaren er ansvarleg for utstyret når det forlet utleigar sitt lager og til det er attende på lageret igjen. Leietakar forpliktar seg vidare til å bruke utstyret kun til arbeidsoppgåver det er berekna for, vedlikehalde utstyret forskriftsmessig i henhold til normal praksis (dagleg vedlikehald) og instruksar gitt av AT Lift & Maskinutleige AS.

Leietakar forpliktar seg til å levere utstyret reingjort og i same stand som utlevert. Vask, drivstoff og spettbrekkasje utover normal slitasje belastast leigetakar. Feil og manglar ved utstyret skal meldast AT Lift & Maskinutleige AS innan 24 timar, elles ansjåast utstyret for å vere i normal forskriftsmessig stand ved utlevering. Leigetakar står sjølv ansvarleg for evt. tredjeparts skader.

Leigetakar er ansvarleg for at han har nødvendeg førarkort og stor nok bil for transport av utstyret han leiger.

Utleigaren sitt ansvar

AT Lift & Maskinutleige AS er ansvarleg for at maskinene er utstyrt og vedlikehaldt i henhold til gjeldande regelverk. Utleigar er ikkje i noko tilfelle ansvarleg for evt. tap/andre økonomiske tilhøve som måtte forårsakast pga evt. driftsstans på utstyret.

Forsikring

Utstyret er forsikra av utleigar og dekkjer brann, tjuveri, maskinskade (kasko), ansvar og førarulykker. Følgjande tilhøve dekkast ikkje av forsikring og belastast leigetakar: – skade forvoldt ved grov uaktsomheit, – skade som skuldast bruk i strid med utleigaren sine føreskrifter/retningslinjer, – skade som skuldast manglande ettersyn, etterfylling av vatn, olje, frostvæske etc.

Eigenandelen er på kr. 10000,- og dekkast av leigetakar ved skader over dette beløpet. Er skaden under eigenandelens beløp dekkast dette av leigetakar.

Betalingsbetingelsar

Alle leigeforhold blir fakturert kunden etter at leiga er gjennomført.

Kontrakt

Ved alle leigeforhold vert det oppretta ei leigekontrakt som inneheld begge partars ansvar.

Kontrakta underteiknast av leigetakar og dannar grunnlaget for leigeforholdet.

Frakt

Frakt tur/retur AT Lift & Maskinutleige AS belastast leigetakar og avtalast i eit kvart tilfelle. Leigetakar står fritt til å frakte utstyret sjølv.

Framleige

Leigetakar kan ikkje framleige eller overføre sine rettigheiter etter denne avtalen til andre og heller ikkje føreta noko rettslege disposisjonar (overdraging, pantsetting etc.) av utstyret utan samtykke.

Service, vedlikehald etc.

Service og naudsynt vedlikehald av maskinene dekkjast av AT Lift & Maskinutleige AS (dersom ikkje anna er avtalt).

Dagleg service og vedlikehald i leigeperioden utførast av leigetakar. Dette inneber: smørjing av graveaggregat, dieselfylling, peiling av motorolje, kjølevæske, hydraulikkolje. Vask av gravemaskin.

* Vi tek forbehold om moglege skrivefeil.

No Comments